Leiarcoaching

Det kan i blant vera stormfyllt å vera leiar. Det krev kompetanse og sjølvinnsikt for å meistra rolla på ein god måte.
Det vert investert store summar i arbeidslivet på leiarutvikling. Ein høyrer ofte at leiarar har gjennomgått mange ulike leiaropplæringsprogram/kurs, men resultata uteblir.
Individuell leiarcoaching har vist seg å vera ein svært effetiv metode for utvikling av funksjonell leiaråtferd.
Leiarcoaching kan gjennomførast som eit eige tiltak, eller kombinert med samlingar i plenum, med gjennomgang av teori og felles øvingar.
Vår leiarcoach har breid erfaring med coaching av leiarar på alle nivå. Ved å kombinera dette med oppfølging ute i feltet, kan ein trena i det faktiske livet, og få gleda av den mest pedagogiske læringsmetoden, – erfaringslæring!