Teamutvikling


Teamet på arbeidsplassen,- ei gruppe menneske som skal arbeide saman med eit felles formål. Arbeidslaget,- med felles standarder og krav til både arbeidet som skal utførast og korleis prosessen skal gå. Laget er ofte sett saman utfrå kunnskap og arbeidsoppgåver. Korleis laget fungerer saman avhenger av mange faktorer, blant anna korleis dei ulike personane på laget samhandlar med einannan.

Det unike med kvar einskild person gjer at eit team har stort potensiale både til å utretta fantastiske resultat saman, men og til å fungere så dårleg at det kan gå på helsa laus.
Morgongry AS tilbyr gjennomarbeidde metodar for å vidareutvikla team, med målsetjing om optimal funksjonalitet.
Ulike metodar vert nytta, som Teamkompasset som blant anna byggjer på Jung sin typepsykologi med preferansar og typeskildringar.
Teamutvikling gjennom Morgongry AS vil vera prosessorientert, der ivaretaking av kvar einskild person alltid vil vera eit grunnprinsipp. Gjennom trygge, opne rammer vil Morgongry AS støtte teamet i utviklinga mot optimal sjølvinnsikt, fells oppfatning avsterke og svake sider og glød og handlekraft til å veksa.
Gjennomføringa vert lagt opp individuelt etter kundens ønskje og behov, og gjerne i tilknyting til eller oppfølgjing av eit leiarutviklingsprogram.