HMS grunnkurs

Morgongry AS tilbyr 40 timar lovbestemt grunnopplæring i Helse, Miljø og Sikkerhet for verneombod, medlemmer av arbeidsmiljøutval og leiarar. Kurset vert arrangert internt for selskap på bestilling, og kan tilretteleggjast i forhold til selskapet sine særskilde behov. Programmet vert lagt opp med 3 undervisningsdagar i tillegg til heimearbeid/eigen aktivitet som totalt vil utgjera 40 timar.

På programmet vil vera:
HMS forskrifta og arbeidsmiljølova
Ansvar og mynde i HMS-arbeidet
Verneombod og AMU
Fysiske arbeidsmiljøfaktorar
Psykososialt arbeidsmiljø
Målretta systematisk HMS-arbeid