Balanse

Flyt i kvardagen, eit tilvære i balanse,- er det berre ein utopi eller kan du velja? Lær korleis du enkelt kan endre oppleving av tidspress, tankemas og raude tal med optimisme, klarhet og energi.Morgongry støttar din innsats med å gjenvinna balanse i tilværet.

Kontaktinformasjon
EPOST: tobbesamuel@me.com
MOBIL: 9241 8813

Barbra Røttingen
Dagleg leiar/CEO
+ 47 9526 6848

Torbjørn Samuelsson
Head of LNG Solutions & Services
+ 47 9241 8813

Glød

Det ligg i den menneskelege natur å kjenna behov for å prestera. Ta vare på denne kraftfulle eigenskapen hos deg sjølv og dei rundt deg. Menneske som er engasjerte har ein eigen glød som får fram kreative prosessar,  arbeidsglede og gode resultat. Engasjement er smittsamt. Det aukar trivsel og effektivitet i organisasjonen. Og det er gratis.

Handlekraft

Det vert investert enorme summar i arbeidslivet på strategi, handlingsplanar og gode prosedyrar. Den faktiske veksten vil likevel vera knytt til evnen til å setja planane ut i livet.

Morgongry har ein unik modell for å følgja utviklinga frå planstadet til faktiske resultat. Dette skjer ved hjelp av tett implementeringsstøtte og oppfølging av nøkkelpersonar fram til praktisk handling. Det er gjennomføringa som gjer resultat.